Minneord
Det var med stort vemod vi fekk meldinga om at Aslaug Bakke er gått bort. Ho var eit eineståande menneske og ein raus ven for mange. Vi som kjende Aslaug frå livet hennar i Søgne, minnest ei sterk og god kvinne med ei stor interesse for lokalt samfunns- og kulturliv, og for menneska rundt seg.
Aslaug voks opp på austlandet, i Halden, saman med søster og to brør. Etter artium jobba ho eit år som lærarvikar og fann då ut at det var lærar ho skulle vere. Ho tok lærarskulen og etter kvart tok ho vidareutdanning innan spesialpedagogikk, med hovudvekt på oppfølging av elevar med nedsett høyrsel. Etter lærarskulen jobba ho nokre år i Kvinesdal, før ho kom til Søgne. Det var på Sørlandet og i Setesdal ho fann sine folk og ho var aldri i tvil om at det var her ho ville leve livet sitt. I Søgne deltok ho aktivt i bygdelivet og ho vart kjend for sitt engasjement innanfor politikk, kulturliv, foreiningsliv og som medmenneske. Ho sat i kommunestyret i Søgne for Arbeiderpartiet og hadde omsorg for alle som hadde det vanskeleg i livet. Ofte gav ho av det ho sjølv hadde for å hjelpe andre.
I 1986 skreiv Aslaug Søgne biblioteks historie til 100-års jubileet. Ho var svært glad i biblioteket og oppfatta seg nok som biblioteket sin beskyttar. Aslaug var interessert i språk og historie og blei tidleg aktiv i Søgne Mållag. I ei årrekke var ho drivkraft i mållaget og arrangerte mange seminar og haustfestar, saman med mellom andre Askjell Skjævesland, Mildred Sløgedal og Ellinor og Tor Steinar Rafoss. Som interessert i språk og litteratur var Aslaug mellom anna styreleiar for Poesi 99. Poesifestivalen varte over tre dagar og hadde ei rekke arrangement over heile Søgne. Ho deltok i Litterært Forum frå 2000-2010 og sat i programkomiteen for Senioruniversitetet frå 2011 til 2016. Ho hjelpte til med fleire bokutgivingar om lokal historie og språk, mellom anna var ho aktiv då Thorvald Hellum og Oddbjørn Eikestøl gav ut boka om Peder Lunde med tittelen «Ikkje te å tru». Dei siste åra gleda ho andre eldre ved å lese opp frå Søgne bygdesoge på Kleplandstunet. Vi kjende Aslaug som ei klok og reflektert kvinne. Ho var ein god støttespelar og hjelpar ved eit utal av arrangement, særleg på Søgne gamle prestegard, på biblioteket og på Agder folkehøgskule.
Vi takkar for følget og lyser fred over Aslaug Bakke sitt minne.
Helsing frå Siv Skagestad, Thorvald Hellum og Hege C. Haugen
Aslaug begraves fra Søgne hovedkirke fredag 22. Mai kl. 12.20.